Etablert næringsliv 2017-12-27T15:10:42+00:00

Etablert næringsliv

Alle bedrifter vert utfordra på å tenke nytt, enten ein skal inn i nye marknadar eller skal jobbe med eksisterande kundar. Mange bedrifter opplever at det er utfordrande å tenkje nyskaping og utvikling midt oppi det ein held på med i dagleg drift. Dette vil for mange bedrifter vere hemmande for vekst og for vere rusta for framtida.

Som ein del av Norddal kommune si strategiske satsing på vekst og utvikling i eksisterande bedrifter, tilbyr Fjordhagen AS

  • Rådgjeving og nettverksmøter for etablerte bedrifter i Norddal kommune.
  • Fjordhagen AS har tilgang til verdifulle nettverk og samarbeidspartnarar som kan hjelpe bedrifter å realisere vekst og utvikling.
  • Vi kan hjelpe etablerte bedrifter med søknadsprosessar til Innovasjon Norge, forsking- og utviklingsmidlar og anna.
  • Tilby miljøfyrtårnkonsulent som kan hjelpe bedrifta på vegen til å bli sertifisert Miljøfyrtårnbedrift.
  • Vi kan også hjelpe nettverksorganisasjonar med organisasjonsutvikling i oppstartsfase, her har vi erfaringar frå arbeid med Hanen Møre og Romsdal og Inn på tunet Møre og Romsdal.

Rådgjevingsmøte

Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å avtale eit rådgjevingsmøte eller deltaking i Fjordhagen næringsforum.

Fjordhagen Næringsforum

Fjordhagen AS driftar eit næringsforum der bedriftene samarbeider om utviklingsoppgåver. Næringsforumet møtast med jamne mellomrom til dialog om tema som bedriftene sjølve melder inn. I tillegg gjennomfører vi bedriftsbesøkrundar for å lære kvarandre betre å kjenne, og vi arrangerer kurs i tråd med behov som bedriftene speler inn. Næringsforumet har også temamøter der enkeltbedrifter har felles interesser, td. utbyggjarar av private fritidsbustadfelt.

Næringsforumet har etablert Norddal360.no med 360graders bildevisning av kommunen og kartfesting av medlemsbedriftene, offentlege tenestetilbod og idrettsanlegg etc. Vi driftar også ein infotv-kanal med 14 elektroniske infoskjermar rundt på bedrifter i kommunen, og vi koordinerer felles deltaking på messa Fritid i Sparebanken Møre Arena i Ålesund.

Bli medlem du også!

For å vere med i Fjordhagen næringsforum betalar bedriftene serviceavgift på 2000 kr + mva per år. Annonsering på infoskjermane kostar 750 kr per år for medlemsbedrifter. Eksterne annonsørar kan også annonsere, ta kontakt med Fjordhagen AS for tilbod.

Relaterte artiklar

Relaterte arrangement