Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Fjord Norge AS har i samarbeid med dei fire fylkeskommunane på Vestlandet initiert prosjektet «Scenario Fjord Norge 2030». Prosjektet skal resultere i tre framtidsbilde – scenario – som skildrar ulike retningar for utviklinga av reiselivet på Vestlandet fram mot år 2030. Arbeidet med utviklinga av desse tre ulike scenaria skal utførast i tett samarbeid med næringa og Møre og Romsdal Fylkeskommune inviterer difor til workshop for å få innspel til korlies desse tre scenaria kan framstå. Reiselivsnæringa blir på eit seinare tidspunkt invitert til å velje det scenariet som reiselivsnæringa skal utvikle seg mot i år 2030, altså – kva retning ønsker vi at reiselivsnæringa på Vestlandet skal utvikle seg i, kva reiselivsnæring skal vi ha i 2030, korleis ønsker vi å framstå – kven er vi.

Vestlandsrådet har bevilga pengar til gjennomføring av prosjektet og det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er prosjekteigar. Sjølve prosessen blir ledet av Menon Economics v/ Erik Jakobsen som fikk tilslag etter ein open anbodskonkurranse.

Det blir gjennomført 4 workshops, ein i kvart fylke. I Møre og Romsdal blir det arrangert workshop 16. januar 2019 i Molde på Scandic Hotel Alexandra (tidlegare Quality Hotel Alexandra).

På vegne av prosjektledelsen inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune reiselivsnæringa i Møre og Romsdal til workshop i Scenario-utvikling. Sprei gjerne invitasjonen i dykkar nettverk då det er viktig med god forankring og engasjement hos næringsaktørane.

Møteplan : 

Kl 11.00   Velkomen og formål med prosjektet og workshopen v oppdragsgjevar

Kl 11.10    Presentasjon av verdiskapingsanalyser og kunnskapsgrunnlag v/ Erik Jakobsen

Kl 11.50    Reiselivstrendar og utviklingstrekk. Kva drivkrefter må scenaria forholde seg til? Innleiing v/ Børre Berglund og påfølgjande diskusjon

Kl 12.50    Lunsjpause

Kl 13.20    Kva slags reiseliv ønsker vi? Utvikling av scenarier, kort innleiing og diskusjon v/ Børre Berglund og Erik Jakobsen

Kl 14.25    Oppsummering, vidare framdrift og avslutning v/ oppdragsgjevar

Dette er eit svært viktig prosjekt for reiselivsnæringa i Fjord Norge-regionen, kanskje det viktigaste prosjektet i 2019,  då dette prosjektet vil vere med på å stake ut kursen for utvikling av reiselivsnæringa fram mot år 2030. Vi håpar derfor at de ønsker å vie litt av tida dykkar til å vere med på denne workshopen då dykkar innspel er viktig.

Påmeldingsfrist –  onsdag 9. januar 2019 på e-post  lillian.sether@mrfylke.no