Fredag 13. april til onsdag 18. april 2018 arrangerer Valldal skule i samarbeid med Fjordhagen AS Innovasjonscamp (tidl Gründercamp) for ungdomsskuleelevane i 8.-9. klasse. Innovasjonscamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskaping, og er eit program innan Ungt Entreprenørskap. Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skal presentere ei løysing på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget blir gjeve av ei bedrift eller organisasjon frå privat eller offentleg sektor. Elevane jobbar med oppdraget i grupper på 3-6 elevar og presenterer løysinga for ein jury som kårar ein vinnar ut frå gitte kriterier. Samarbeid med lokalt arbeids-og næringsliv er sentralt i ein Innovasjonscamp. Den eksterne oppdragsgjevaren gir elevane den bakgrunnsinformasjonen dei treng for å løyse utfordringa dei får presentert.

Vi tek kontakt med lokalt næringsliv og kanskje får nettopp DI bedrift høve til å delta og vere med på ein berikande prosess både for mentorar og elevar!