Starte bedrift
Synes du det er vanskeleg å vite kvar du skal byrje, eller korleis du skal vidareutvikle forretningsidéen din? Sjølv dei gode idéane må det arbeidast mykje med før dei kan omsettast til velfungerande og god forretning.
Fjordhagen AS har tilgang til verdifulle nettverk og samarbeidspartnarar som kan hjelpe gründerar med vekstambisjonar til å realisere nyskapande idear, td. Åkp (Ålesund kunnskapspark) og Innovasjon Norge.
Næringshage
Vi kan også tilby fellesskap med andre gründerar og bedrifter gjennom tilbodet vårt om å nytte vår gjestekontorplass i næringshagen i Valldal. Her vil du oppleve eit fagleg fellesskap med andre menneske som er engasjert i innovasjon og næringsutvikling. Her kan vi tilby både breiband, møterom og fellestenester som printar, scannar og kaffimaskin.
Når bedrifta er etablert er det mulegheit for å leige eigen kontorplass i næringshagen gjennom utleigar Fjord kommune.
HOPPID.NO
hoppid.no skal gjere det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Både for dei som ønsker å etablere bedrift, og for dei som allereie har starta for seg sjølv, er hoppid.no ein naturleg stad å byrje. I dag fins det eit hoppid.no kontor i nesten kva kommune i Møre og Romsdal.
Fjordhagen AS er hoppid.no-kontor for Fjord kommune.
Gjennom hoppid.no tilbyr vi rådgjeving, kurs og nettverksmøte uavhengig av kva planar og ambisjonar du har, og kor langt du har kome. Vi kan også tilby hoppid.no gründerstøtte inntil kr. 30.000 til dekking av utgifter i samband med aktivitetar som kan avklare problemstillingar kring forretningsmodell, organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vidare framdrift og vekstpotensiale for bedrifta.
Neste kurs for dei som vurderer å starte eiga bedrift er 2. september 2024. Kurset er digitalt, og du kan lese meir og melde deg på her:
https://hoppid.entreprenerdy.com/apply