Laster Arrangement
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Kjære bygdefolk i Tafjord!

Vi vil med dette invitere dykk til møte

Fredag 7.august kl 18 på Kraft- og skredsenter i Tafjord

Presentasjon av forprosjekt Opplev Tafjord

Fjordhagen AS har sidan i fjor haust jobba med å få finansiering til eit forprosjekt for utvikling av fleire destinasjonsaktivitetar i Tafjord med ein berekraftig forretningsmodell. Fjord kommune, Innovasjon Norge, Tafjord kraftproduksjon AS og Hofseth Aqua AS har no fullfinansiert prosjektet, og vi er klare til å starte opp.

I ei berekraftig utvikling SKAL ALLE desse tre dimensjonane inngå:

  • MILJØ – ta vare på naturen og klimaet som en fornybar ressurs for menneske.
  • ØKONOMI – dei tiltaka vi gjer må vere økonomisk levedyktig
  • SAMFUNN – det skal skapast lokale arbeidsplassar og grunnlag for å leve og bu godt i Tafjord, bygda skal leve vidare

Prosjektet er eit næringsutviklingsprosjekt for Tafjord der målet er å undersøke og teste ut berekraftige aktivitetar med heilårsdrift. Målet er at bygda Tafjord skal kunne tilby besøkjande eit heilheitleg produkt der alle desse tre faktorane er med:

  • Ei tilrettelagt oppleving
  • Bespisning
  • Overnatting

Forprosjektet skal gå føre seg i perioden august 2020-juni 2021. I forarbeidet med forprosjektet har vi identifisert ein del mulegheitsområde som kan vere spesielt viktige å jobbe med. I forprosjektet skal vi jobbe for at motiverte bedrifter og lokalsamfunnet finn saman og ser på kva for nokre av dei identifiserte mulegheitsområda som kan vere spesielt viktig å jobbe med. Forprosjektet skal utforske og teste ut dei mest interessante forslaga og foreslå ein forretningsmodell/forretningsplan for vidare satsing.

For at prosjektet skal lukkast er vi avhengig av å involvere og forankre prosjektet godt i bygda. Vi arrangerer difor bygdemøte for å presentere prosjektet som det første vi gjer. På dette møtet (og undervegs i prosjektet) ynskjer vi å kome i kontakt med alle aktørar som sit på ressursar/forretningsidear som kan vere aktuelle å kople på.

I desse koronatider må vi halde oss til smittevernreglane, og vi har maks plass til 50 personar på møtet. For å delta må de melde dykk på med namn og tlf.nr innan torsdag 6.august til terese@fjordhagen.com eller sende sms til 928 05 659. Vi vil sørge for at informasjon om prosjektet og presentasjonane frå møtet vert lagt ut på Fjordhagen sine heimesider www.fjordhagen.com og alle som ynskjer informasjon er velkomen til å ta kontakt med oss.

Velkomen!