Lansering av Valldalsfilmen og nettverksbygging for produktutvikling
6. mars 2019 kl. 14:00 - 16:30
| GratisBedriftene i «Marknadssamarbeid Valldal» inviterer med dette til lansering av den nye Valldalsfilmen. Filmen er resultat av eit marknadsføringssamarbeid som fem Valldalsbedrifter har gått saman om; Valldal naturopplevingar AS, Valldal Aktivitetspark AS, Valldal Fjordhotell AS, Meretes Garden og Kulå Bowling AS
Desse bedriftene har lyst å satse vidare på heilårs besøksnæring og er på jakt etter lokale samarbeidspartnarar med same målsetting. Fjordhagen næringsforum inviterer difor bedrifter og samarbeidspartnarar i Fjord kommune og Liabygda til nettverksbygging for å bli betre kjent med kvarandre sine bedrifter, produkt og utviklingspotensiale. Fjordhagen har søkt og fått midlar frå kulturbyggingsfondet i Fjord kommune til dette arrangementet.
Program:
- Velkomen til Kulå bowling v/Lena Hungnes
- Kort intro om Fjordhagen næringsforum v/Terese Jemtegård Moen
- Orientering om «Marknadssamarbeid Valldal», tankar for satsing på heilårs besøksnæring, og premiere Valldalsfilm v/ alle verksemdene i Valldalssamarbeidet
- Produktutvikling for heilårs besøksnæring v/Tom Skrede, Destinasjon Ålesund&Sunnmøre
- Speed-networking – alle får 2 minutt til å presentere seg for kvarandre
- Pizzabuffet og mingling. Kulå har ope til kl 17.
Påmeldingsfrist 4.mars
Det kostar ikkje noko å delta, men grunna matservering ynskjer vi påmelding til terese@hjelmeweb.no innan måndag 4.mars.