Forstudie for etablering av landstraum i Valldal (2016-2017)
Fjordhagen AS fekk 250.000 kr frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å gjennomføre ei forstudie for etablering av landstraum i Valldal. Prosjektet starta opp hausten 2015 og sluttrapporten vart oversendt fylkeskommunen i april 2016, slik at den vart spelt inn i prosessen med å utarbeide ein strategi for cruisetrafikken i Vestlandsregionen. Forstudien var også ein del av prosessen med utarbeiding av ny strategisk næringsplan for Norddal kommune.
- Sluttrapport (lenkje)
- Rapport frå Mørenett for nettilknyting landstraum Valldal (lenkje)
- Notat frå Nyvoll Consult AS for Fjord Pontoon Norway AS vedr. kaianlegg klart for landstraum
Som ein del av forstudien inviterte Fjordhagen og Norddal kommune til landstraumseminar i Valldal 10.06.2016. Der vart sluttrapporten presentert, og moglegheitene som kan ligge i ei ny, miljøvenleg cruisehamn i Valldal vart belyst.
Innlegga frå dette seminaret finn du her: