Møre og Romsdal fylkeskommmune og hoppid.no har vore lead partner i Interreg-prosjektet OSS – One Stop Shop, der målet har vore å innovere og forbetre førstelinetenesta for gründerar. 14.-18.november var det klart for sluttkonferanse i Antwerpen, og i samband med dette vart det også lagt inn eit besøk hjå Vest-Norges Brusselkontor, Norges Forskningsråd og Innovasjon Norge i Brussel.
Fjordhagen er eitt av hoppid.no-kontora i Møre og Romsdal fylke, og var med på oppstartskonferansen som var i Ålesund i juni 2018. Vi deltok også på sluttkonferansen i Belgia, saman med Protomore, Innovasjon Norge, Nordveggen, Vindel, Møre og Romsdal fylkeskommune og ÅKP.